Her ligg ymse gamal moro - for dei som likar å ha historia med seg
| Siddis |
I 2008 stilte Old Star for første gong i andre divisjon, etter heftig
påtrykk frå ulikt hald. Som vanleg budde vi oss godt, med oppkøyring torsdag
før Siddis, då hadde vi øving utan mat. Det å gå opp ein divisjon skal statistisk sett føra til eit resultat kring midten, og på førehand vurderte vi alt betre enn sjette plass som heilt urealistisk. Men gamle stjerner har det med å slå til når det gjeld, og sanneleg leverte vi ei framføring som fall i smak både hos publikum og dommarar. Så om årets tredjeplass var uventa, var den desto meir kjærkomen. Dommarkommentarane er sjølvsagt tilgjengelege her. Vi er umåteleg takksame for Johannes sitt tålmod, og merkverdige evne til å setja saman program som både spelarar, publikum og dommarar set pris på! |
|
| Besetning | Vi har ei brass-besetning på 18-28 medlemer. Det er aldri godt å vita kor mange som dukkar opp på ei øving, for ikkje å snakka om på ein konsert, men dei som kjem er alltid velkomne. |
|
| Øvingar | Vi øver som regel kvar onsdag, på "Gamleskulen" på Manger.
Øvinga startar offisielt kl 20.00, men det tek alltid noko tid å slå laus
ventilar og finna fram notar, så det er sjeldan det kjem organisert lyd
før klokka er 20:20. Pausen er likevel alltid klokka 21:00 PRESIS! Då er det mat og kaffi! Pausen er viktig for å gi kvile og kveik til ny innsats frå kl 21:30 til 22.00, dersom vi held ut så lenge. | |
| NM | Manger Old Star Brass deltok i NM Brass Band 2005 i fjerde
divisjon, og det går framleis gjetord om framføringa vår. Alt lenge før vi
skulle spela byrja folk å trekkja mot salen, og køane vaks seg lange.
Trengselen var stor, og det vart for lite sitjeplassar i salen - og dette
var før vi hadde kome på scena! Omsider hadde folk funne seg ein plass å
sitja, anten det var på golvet eller ein stol, og vi kunne entra scena.
Konferansieren gav oss ein framifrå introduksjon (skriven av leiaren
vår....) og dermed var stemninga sett. Stødig leia av Johannes leika vi oss gjennom stykket vår, Sinfonietta av Gordon Langford. Stykket er i klassisk brassband-stil, noko som høver svært godt for oss. Ikkje for sterkt og ikkje for fort. Men med stil!! Etter framføringa ville applausen ingen ende ta, og både den eine og den andre måtte ty til tårene. Dette var fantastisk!!! Dommarane likte det dei høyrde, og vi fekk 92 poeng for framføringa, noko som gav oss ein solid andre plass i fjerde divisjon. Slett ikkje verst for eit "kaffikorps" som har hatt to ekstra øvingar før NM. Og ikkje berre det: bassrekkja tok med seg prisen som beste gruppe i heile fjerde divisjon (trombonane likte dette dårleg....) Meir om NM finn du
t.d. hos
Norges Musikkorps Forbund, og i det engelske
4 bars rest.
(den siste likar trombonane best) | |
| Historie | Manger Old Star Brass held til på Manger i Radøy kommune.
Laget vart stifta våren 1980, med Knut Baug og Knut Kopperdal som
initiativtakarar. Saman med fleire andre hadde dei tidlegare spela i
Manger Musikklag, men hadde gitt seg etter som aktiviteten der hadde blitt
for høg for dei gamle stjerner. Dirigent frå starten var Johannes Mangersnes. Den gongen var det ikkje slik at ein spurde pent om dirigenten var interessert. Knut Baug gav følgjande melding til den komande dirigenten: "Vi skal starta for oss sjølve, og du skal dirigera". Johannes er no utnemnd til dirigent på livstid, så vi følgjer opp gode tradisjonar! |
|
| Organisasjon | Laget var utprega demokratisk. Leiaren var frivillig utpeika på livstid. Kasseraren arbeider i banken, og har difor oversikt over pengebehaldninga til ei kvar tid. |
Om du skulle ha interesse av det, er du nr
som har sett på denne sida.
Denne teljaren er noko optimistisk, men det
høver bra for trauste strilar.