Vel møtt til

Manger Old Star Brass

sine heimesider
 
 
 
NM Vi har no kome til 2010, og har igjen markert oss i NM for Brass Band - med ein saftig andre plass i tredje divisjon - noko som betyr at vi er i andre divisjon i 2011. Kven skulle trudd det for fem år sidan?? For ikkje å snakka om i år! Vinnarane i tredje divisjon - Bjørsvik brass - høyrer visstnok ikkje til i tredje divisjon, seier nokon. Men dei var berre eitt fattig poeng føre oss... Kanskje ikke vi høyrer til i tredje divisjon heller?? Time will show!

 

 

Juffane fekk skryt av dommarane i årets NM, så vi lyt vel visa fram ein..

 

Siddis I Siddis gjer vi oss stadig markerte - i 2009 med fjerde plass i andre divisjon.
Øvingar Vi øver kvar onsdag på Manger. Sjølv i konkurranseprega tider tek vi oss alltid god tid både til å pakka opp og til å ha pause med mat og kaffi. Vi ser alltid fram til øvinga - for mange er dette den prioriterte kvelden i veka - då vi kan leggja vekk alt anna mas.
Dirigent Johannes Mangersnes er utnemnd (?) til dirigent på livstid. Han har alt fått NMF sin fortenestemedalje, så vi kan ikkje forstå anna enn at det må vera kjekt å stå framfor som dirigent.... Stor takk til Johannes for alt han gjer for oss!
Konsertar Neste konsert er ca 13. april. Nærare detaljar følgjer.
Festar Neste fest vert truleg siste helga i januar 2011.

 

Historie For ikkje å trøytta dei som les sida jamnleg, har internettredaktøren suverent bestemt at historia no skal liggja på same staden som ymse sjølvskryt. Dei som vil vita meir om korleis Old Star vart til, kan såleis klikka her.  
Organisasjon Organisasjonen har etter kvart tilpassa seg normalen for korps, og gjennomfører årsmøte aldeles etter boka.  
Facebook Old Star har no si eiga gruppe på Facebook - den ligg her  
 

Om du skulle ha interesse av det, er du nr Hit Counter som har sett på denne sida.
Denne teljaren er noko optimistisk, men det høver bra for trauste strilar.